fredag 13. februar 2015

"Hot dudes reading"

Hot dudes reading books on trains is the hottest Instagram right now.

Heite karar som les på tog

Eg seier det berre.

Ny start

Eg får jo på ein måte flashback til karriera mi som dagbokskrivar som born. Eg var vel ikkje akkurat ein "stayer" der heller.

Men.

Eg las jo ferdig boka "Pappa er et postkort" og har lese fleire bøker sidan eg var ferdig med ho. Pappa er et postkort var jo forsåvidt ei god bok. Eg les gjerne ungdomsbøker, sjølvsagt og fordi eg er norsklærar. Eg kjøpte ikkje historia hundre prosent, men språket var godt. Ho var godt skriven!

Ok, andre bøker eg har lese sidan sist:

The fault in our stars - John Green (las på engelsk, fin, tilrår ikkje  lese trister bøker på fly eller på reise av noko slag)

We're all completely beside ourselves - Karen Joy Fowler - den beste boka eg har lese på lenge! Kan ikkje seie noko om ho uten å øydeleggje eit vesentleg poeng.

Operasjon sjølvdisiplin - Agnes Ravatn (sakprosa, morosam og fin lesing).

Kjære - Linnea Myhre (fin, lettlest)

Gone girl- Gillian Flynn (Spanande! God! Leiker med hovudet ditt!Las dessverre denne og på engelsk. Eg må lese meir norsk framover. Eg er jo trass alt norsklærar.)

Eg har og lese nokre teikneserieromanar som eg skal (kanskje, eg er jo ikkje heilt til å stole på) skrive meir om i eit anna innlegg.