torsdag 5. mars 2015

Inn i elden - Aina Basso


Jepp. Eg les nynorsk samstundes med elevane mine, og denne gongen les eg ei bok eg lenge har planlagt å lese, nemleg Inn i elden av forfattaren Aina Basso.

Inn i elden handlar om to jenter, Dorothe frå København og Elen frå Finnmark. Parallellt får vi høyre historiane deira, og samstundes om hekseprosessane i Finnmark der 80 kvinner blei dømde til døden på bålet i Finnmark. Det er godt skriven og ikkje minst interessant!

Elen bur saman med mor si og veslebror som ho berre kallar Minus. Ho har og fleire eldre sysken, men dei er bortsetne. Det er ikkje nokon far inne i biletet og mor hennar har såkalte "evner". Ho kan mellom anna stoppe blod. Dorothe er ei ung jente frå Købehavn som tidleg (alt for tidlig ifølge ho sjølv) blir bortgifta til den mykje eldre Johann og saman flyttar dei til Vardø. Dei to jentene lever heilt ulike liv, men Basso let oss og sjå likskapen mellom dei. Eg er ikkje ferdig med boka enno, men kjem snart tilbake med eit innlegg om Elen og Dorothe.

Romanen er historisk, men og politisk, og ikkje minst veldig, veldig god! (PS. Hvis du ikkje synst historisk og politisk er freistande, så sjå berre bort frå det. Du kan lese Inn i elden utan å få ein einaste historisk eller politisk tanke i hovudet. Trur eg.)


fredag 13. februar 2015

"Hot dudes reading"

Hot dudes reading books on trains is the hottest Instagram right now.

Heite karar som les på tog

Eg seier det berre.

Ny start

Eg får jo på ein måte flashback til karriera mi som dagbokskrivar som born. Eg var vel ikkje akkurat ein "stayer" der heller.

Men.

Eg las jo ferdig boka "Pappa er et postkort" og har lese fleire bøker sidan eg var ferdig med ho. Pappa er et postkort var jo forsåvidt ei god bok. Eg les gjerne ungdomsbøker, sjølvsagt og fordi eg er norsklærar. Eg kjøpte ikkje historia hundre prosent, men språket var godt. Ho var godt skriven!

Ok, andre bøker eg har lese sidan sist:

The fault in our stars - John Green (las på engelsk, fin, tilrår ikkje  lese trister bøker på fly eller på reise av noko slag)

We're all completely beside ourselves - Karen Joy Fowler - den beste boka eg har lese på lenge! Kan ikkje seie noko om ho uten å øydeleggje eit vesentleg poeng.

Operasjon sjølvdisiplin - Agnes Ravatn (sakprosa, morosam og fin lesing).

Kjære - Linnea Myhre (fin, lettlest)

Gone girl- Gillian Flynn (Spanande! God! Leiker med hovudet ditt!Las dessverre denne og på engelsk. Eg må lese meir norsk framover. Eg er jo trass alt norsklærar.)

Eg har og lese nokre teikneserieromanar som eg skal (kanskje, eg er jo ikkje heilt til å stole på) skrive meir om i eit anna innlegg.




tirsdag 23. september 2014

Pappa er et postkort

Jeg har valgt å lese en bok som datteren min på 12 har lastet ned til Kindlen min, nemlig boken "Pappa er et postkort" skrevet av Ida Løkås. Boka er ny, utgitt nå i høst og har vel fått litt blandede anmeldelser. Morten Olsen Haugen på Barnebokkritikk.no sier at den er "meget velskrevet, men litt oppkonstruert".

Se videoen under om du vil høre litt mer om boka fra forfatteren selv!



Ubok

Ok, vi lærarar må vel og blogge. Eg skal i hovudsak skrive om ungdomsbøker, men har og rom for anna bokrelatert innhald. Det kan sjølvsagt de og gjere! Blogg gjerne meir enn du må! Før eg legg ut det innlegget vi har bedt dykk om å legge ut, det om kva bok eg skal lese, vil eg skrive eit innlegg om ein fin nettstad som eg har vist til nokre av dykk. Nettstaden heiter Ubok.no og er ein kjempefin nettstad for leseglad ungdom.

Er du som meg glad i lister? Her kan du finne både lister over "faen så bra bøker" og lister over teikneseriar. Kanskje vil du lage di eiga liste? Nettstaden har ein finfin søkemotor for bøker. Sjekk han ut her! Til høgre kan du velge "tags" slik at du finn den boka du vil lese.

 Sjekk ut sida neste gong du treng ei bok!