torsdag 5. mars 2015

Inn i elden - Aina Basso


Jepp. Eg les nynorsk samstundes med elevane mine, og denne gongen les eg ei bok eg lenge har planlagt å lese, nemleg Inn i elden av forfattaren Aina Basso.

Inn i elden handlar om to jenter, Dorothe frå København og Elen frå Finnmark. Parallellt får vi høyre historiane deira, og samstundes om hekseprosessane i Finnmark der 80 kvinner blei dømde til døden på bålet i Finnmark. Det er godt skriven og ikkje minst interessant!

Elen bur saman med mor si og veslebror som ho berre kallar Minus. Ho har og fleire eldre sysken, men dei er bortsetne. Det er ikkje nokon far inne i biletet og mor hennar har såkalte "evner". Ho kan mellom anna stoppe blod. Dorothe er ei ung jente frå Købehavn som tidleg (alt for tidlig ifølge ho sjølv) blir bortgifta til den mykje eldre Johann og saman flyttar dei til Vardø. Dei to jentene lever heilt ulike liv, men Basso let oss og sjå likskapen mellom dei. Eg er ikkje ferdig med boka enno, men kjem snart tilbake med eit innlegg om Elen og Dorothe.

Romanen er historisk, men og politisk, og ikkje minst veldig, veldig god! (PS. Hvis du ikkje synst historisk og politisk er freistande, så sjå berre bort frå det. Du kan lese Inn i elden utan å få ein einaste historisk eller politisk tanke i hovudet. Trur eg.)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar